Vårt daglege brød. Kornets kulturhistorie

Forlag: 
Pris: 
kr 399,-
Utgivelsesår: 
2012
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
288
ISBN: 
9788279901303
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
Aina Griffin

Bak dei krava som bakaren stiller til godt brød og bryggeria til godt øl, ligg genetiske variantar som menneske har merka seg, tatt vare på og utvikla. Gjennom meir enn ti tusen år har ulike samfunn jorda rundt dyrka fram eit stort biologisk mangfald i våre viktigaste kulturplanter. Vårt daglege brød formidlar denne mangslungne kulturhistoria. Plantenes DNA avdekker historiske lag som supplerer tradisjonell arkeologi.

Verda har tre store kornkulturar: den asiatiske basert på ris, den amerikanske basert på mais og den eurasiske basert på kveite, rug, bygg og havre. Desse tre har igjen prega kva sin del av Europa: kveitebrødet i vest, rugbrødet i aust og bygg og havrebrød i nord. Alle har dei opphav i Midtausten. Likevel kunne bygget få tusen år seinare mogne på 70 grader nord og på 4000 meter i Etiopia. Kva mutasjonar gjorde dette mogleg? Kva mutasjonar gjorde den makelause auken i korn­produksjonen mogleg på 1900-talet? Kva skal til for å møte behovet for mat i 2050, når kornet også skal rekke til drivstoff og industriråvarer? 

Frå meldingar av første utgåva i 2010:

«I det store historiske formatet er dette beretningen om menneskesamfunnenes fremgang og sårbarhet, og selv i teknokratiets tid – om menneskers gjensidige avhengighet. Derfor bør mange lese og studere Åsmund Bjørnstads mesterverk.» Freddy Fjellheim i Klassekampen

«Det er eit storarta verk som spenner over historie, plantevitskap, ernær­ingslære og mytologi. Boka er flott utstyrd med fine bilete og papir som er godt å bla. Og ikkje minst er boka liva opp med relevant poesi.» Arvid Bryne i Dag og Tid